Hjem Kiropraktikk Utdanning Lenker Kontakt Mor/Barn Idrett Intranett
Idrettskiropraktikk
Definisjon idrettskiropraktikk
Fleirfagleg samarbeid
Korleis er idrettskiropraktikken organisert?
Kva gjer ein idrettskiropraktor?
Kva er idrettskiropraktikk?
Kva er kiropraktikk?
Behandlingsteknikkar
Styret
Visjon
Etterutdanning
For Idrettslag/Klubb
For deg som kiropraktor
Lenker
Definisjon idrettskiropraktikk
Kiropraktorar har vore involverte i behandling av idrettsutøvarar og idrettsskader sidan profesjonen vart starta. Kiropraktikk er ein profesjon som handterer funksjonelle dysfunksjonar i rørsleapparatet, og er derfor svært eigna til å ta del i det medisinske apparat enten sjølvstendig eller som del av eit fleirfagleg lag.


Kiropraktorar kan dermed hjelpe idrettsutøvararar i alle idrettar og på alle nivå. Kiropraktorar arbeider gjerne i eigne private klinikkar og behandlar idrettsutøvarar der på linje med andre pasientar, medan mange kiropraktorar som er spesielt interesserte i handtering av idrettsskader gjerne er direkte involverte i idrettslag og – klubbar, enkelte også som medisinsk ansvarleg. Idrettskiropraktikk fokuserer spesielt på å lokalisere den biomekaniske ubalansen som førte til skaden eller smertene, og å vurdere alle deler av rørslekjeda, ofta kalla den kinetiske kjeda. Med rett diagnose, vil resultatet av behandlinga ofte vise seg umiddelbart, der ein kan sjå betring i funksjonen. Behandlinga kan bestå av manipulasjon, og fleire typer spesifikke bløtdelsteknikkar. Tørrnål, tape og innleggssålar er andre verkty som ofte er brukt. Rehabilitering kan gjerast spesifikk når ein har kjennskap til den enkelte utøvar sitt rørslemønster, der svake eller dysfunksjonelle rørsler eller muskelgrupper vert fokusert på.

Idrettskiropraktorar er godt organiserte i mange land, spesielt USA, Canada, New Zealand og Australia, der kiropraktorar i lang tid har vore inkluderte i dei respektive olympiske delegasjonane. Idrettskiropraktorar er også organisert i mange land i Europa, til dømes Sveits, England og Norge. I Norge har Norsk Kiropraktorforening (NKF) eit eige idrettsutval som arbeidar for å fremje idrettskiropraktikken, og idrettskiropraktorar er organiserte i Norsk Idrettskiropraktisk Forening (NIKF). Den internasjonale organisasjonen FICS (Federation Internationale de Chiropratique du Sport) er lokalisert i Lausanne i Sveits, og er godkjent av WHO og IOC. FICS arbeider godt for å formidle informasjon om idrettskiropraktikk, samt drive kommunikasjonarbeid retta mot den olympiske komite og andre helseprofesjonar. I tillegg arrangerer FICS etterutdanning innan idrettskiropraktikk som leier til tittelen ICCSD (The International Chiropractic Sports Science Diploma). I USA og Canada kan ein oppnå tittelen CCSP (Certified Chiropractic Sports Practitioner) etter eit noko meir omfattande etterutdanningsprogram.

Storgata 10 A, 0155 Oslo - Tlf: 23 10 64 90 - E-post: post@kiropraktikk.no

Powered by Mosoft AS