Ved Førde sentralsjukehus trør dei nye stiar i behandlinga av pasientar, dei lar ein kiropraktor komme inn i ei spesialavdeling. Det er Firda.no som skriver dette.
Eit mangeårig samarbeid mellom Ortopedavdelinga ved sjukehuset og Kiropraktor Andrè Didriksen, har no resultert i ein forskingsrapport som har vakt internasjonal interesse.
Viktig forskningsrapport
– Vi studerte utviklinga til 44 pasientar frå 2001 til 2003 som fekk både ortopedisk, og kiropraktisk behandling, og resultata var svært positive. Pasientane slapp lange køar, og 42 kunne vende attende til fulltidsjobbar etter avslutta behandling, fortel Didriksen. Han finn ikkje referansar til liknande talmateriale på verdsbasis.
– Resultata har vore innom forskjellige forskarmiljø for vurdering og gjenprøving, og først i 2007 har den fått spalteplass i det velrenommerte tidsskriftet JMPT, seier Didriksen. Han har fått mykje positiv tilbakemelding – spesielt frå utanlandske fagfolk.
Foregangsprosjekt
– Eg har fått meldingar om at andre kiropraktorar refererer til dette prosjektet for å få i gong eit liknande samarbeid, fortel kiropraktoren til avisa Firda.
Han meiner metoden sparer både arbeidsplassar og det offentlege for store økonomiske utlegg når det gjeld sjukmeldingar.
– Ortopedien strekk ikkje til
– I mange tilfelle viser det seg at ortopedien ikkje kan bidra med anna enn tablettar og tolmod. Erfaringar eg har gjort viser at kiropraktikk kan ta over der ortopedien må gi tapt, forklarer overlege Jan Roar Orlin ved Førde sentralsjukehus. Spesialisten i ortopedisk kirurgi har vore eit viktig bindeledd i samarbeidet.
– Tidlegare har eg opplevd at det å vise til kiropraktiske fag i medisinsk samanheng har vore som å banne frå fremste rad i kyrkja. Mange legar har, som eg, aldri fått ei grundig innføring i faget, og veit difor ofte ikkje om kor effektive metodane kan vere, forklarer han.